Prinsipprogram – nynorsk

Prinsipprogram 2017–2020, vedteke på landsmøtet 2017.

Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for studentar som tek lærar- og pedagogutdanningar.

Pedagogstudentane skal verne om og fremje interessene til medlemmene og arbeide for høg kvalitet i lærar- og pedagogutdanningane, slik at studentane blir rusta til å verke i og utvikle profesjonen.

Prinsipprogrammet beskriv dei øvste styrande politiske prinsippa til organisasjonen og er det politiske grunnlaget til organisasjonen.

1 Framtidsretta lærar- og pedagogutdanningar

Utdanningane våre skal vere framtidsretta og sikre at vi får den kunnskapen, dei ferdigheitene og den kompetansen som trengst for å møte kvar elev og kvart barn i ein mangfaldig skule og barnehage. Omsynet til eleven skal stå i sentrum, og det er avgjerande når vi definerer kvaliteten på utdanningane våre.

Lærar- og pedagogutdanningane må vere forankra i forsking, dei må vere yrkesnære, og dei må ha eit tydeleg profesjonsfokus. Ein tydeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom utdanninga er viktig, slik at studentane tileignar seg den nødvendige faglege, sosiale og emosjonelle kompetansen og dei pedagogiske ferdigheitene. Utdanningane skal vere krevjande og motiverande og bidra til å gjere studentane i stand til å oppfylle samfunnsmandatet sitt: å fremje leik, læring, utvikling og danning for barnehagebarn og elevar. Barnehagebarna og elevane sitt beste må vere det grunnleggjande i utdanningane våre.

Studentane har rett til å påverke si eiga utdanning, og dei må stille høge krav til både utdanningane og sin eigen innsats som studentar.

Utdanningane skal gjere studentane i stand til å utvikle og utfordre etablerte praksisar og utdanningspolitisk styring, slik at dei kan bidra til å styrkje profesjonen. Eit fundament i utdanninga må derfor vere den profesjonelle utviklinga til kvar enkelt student. Det er viktig å sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke for å gjere studentane til profesjonelle yrkesutøvarar. Profesjonsfellesskapet må verdsetje og ta i bruk kompetansen til den nyutdanna.

2 Prinsipp om rammer i høgare utdanning

Høgare utdanning skal bidra til god samfunnsutvikling, og føreseielege nasjonale rammer er ein viktig faktor for å sikre likeverdige utdanningstilbod av høg kvalitet. Det er viktig at strukturelle og organisatoriske endringar i universitets- og høgskulesektoren ikkje går ut over kvaliteten på utdanningane.

Tryggleiksvurdering skal sikre at studentar som gjennomfører ei utdanning med det siktemål å jobbe i barnehage, skule og pedagogisk støttesystem, skal ha dei nødvendige føresetnadene for å utøve yrket. Alle skal ha like høve til å ta høgare utdanning. Studentmedverknad er ein føresetnad for å sikre kvalitet i studiet og gode vilkår for studentane gjennom utdanninga. Studentar har rett til reell medverknad i gjennomføringa av studia. 

2.1 Nasjonale rammer

  • Lærarutdanningane skal vere styrte av nasjonale forskrifter og nasjonale retningslinjer som beskriv læringsutbytet til studenten etter at utdanninga er ferdig. Program- og emneplanane skal ta utgangspunkt i desse.
  • Statleg detaljstyring skal ikkje gå ut over den akademiske fridommen og ansvaret til institusjonane.
  • Utviklinga av høgare utdanning skal vere basert på eit nasjonalt og internasjonalt forskingsgrunnlag.
  • Dimensjoneringa og organiseringa av høgare utdanning skal spegle behovet for å rekruttere lærarar innanfor ulike fag og område i heile landet, så sant det er teke omsyn til utdanningskvaliteten.
  • Strukturendringar i universitets- og høgskulesektoren skal ikkje gå ut over utdanningskvaliteten.
  • Utdanningsinstitusjonane skal vere sikra stabile økonomiske rammer og skal kunne gjennomføre lovpålagde oppgåver utan å risikere økonomiske tap.
  • Finansieringsordninga i høgare utdanning skal i størst mogleg grad vere basisfinansiert. Ho skal ikkje vere til hinder for kvaliteten på studia eller kompetansen til dei uteksaminerte studentane.
  • Alle lærarutdanningane skal plasserast i kostnadskategori C eller høgare i finansieringssystemet for høgare utdanning.

2.2 Ansvaret og autonomien til institusjonane 

  • Innanfor dei gjeldande nasjonale forskriftene skal institusjonane ha fridom til å gi eit utdanningstilbod av god kvalitet.
  • Utdanningsinstitusjonane har ansvaret for den kontinuerlege kvalitetsutviklinga av studietilboda.
  • Det må vere nok studentar på eit studium til at ein kan halde oppe god nok kvalitet på tilbodet.
  • All vurdering skal gjerast ut frå styringsdokument for utdanninga.
  • Studentane skal vere involverte i fastsetjinga av vurderingskriteria.
  • Ein skal nytte eksterne sensorar ved eksamen. Studentar skal ha klagerett ved formelle feil og på karakter, og dei skal kunne få grunngitt karakteren ved alle eksamenar.
  • Eksamen skal gi ei rettferdig vurdering av kvar enkelt student, uavhengig av prestasjonane til andre studentar. 

2.3 Internasjonalisering og studentmobilitet

  • Ein skal leggje til rette for internasjonal utveksling og samarbeid.
  • Utdanningsinstitusjonane må leggje til rette for studentmobilitet innanfor dei gjeldande nasjonale rammene.
  • Ein må arbeide for nasjonalt og regionalt samarbeid, i tillegg til samarbeid på utdanningsinstitusjonane, for å sikre gode overgangar for studentane, slik at den faglege breidda blir vareteken.

2.4 Skikkavurdering

  • Alle utdanningane våre skal praktisere ei grundig og gjennomgåande skikkavurdering av studentane, der alle partar i utdanninga skal delta.
  • Utdanningsinstitusjonane har, i samarbeid med praksisstaden, ansvaret for å gjennomføre ei heilskapleg skikkavurdering.
  • Utdanningsinstitusjonane må sikre stabile og effektive rutinar for løpande og særskild skikkavurdering av studentane.
  • Det er utdanningsinstitusjonane som har ansvar for og plikt til å informere studentar, forelesarar og praksisstader om skikkavurderinga og om rettane og pliktene som ligg i den gjeldande forskrifta.
  • Studentane skal vere sikra kunnskap om skikkavurdering gjennom heile studiet. Studentane skal få vite at dei har rett til medverknad og krav i prosessen.
  • Skikkavurderinga skal innehalde minst éin utviklingssamtale i kvart studieår.
  • Institusjonane må få kompensasjon for utgifter i samband med særskilde skikkasaker frå ein nasjonal skikkapott.
  • Det skal vere mogleg å levere bekymringsmeldingar anonymt så sant den som er ansvarleg for skikkameldinga, kjenner identiteten til meldaren. Dersom saka går til nemnd, er det ikkje lenger mogleg å vere anonym.

2.5 Rettane til studentane 

  • Høgare utdanning skal vere gratis, også for internasjonale studentar. Det inkluderer praksis og obligatoriske aktivitetar.
  • Studiefinansieringa må gjere det mogleg å vere heiltidsstudent.
  • Studiestøtta skal svare til minst 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda og skal utbetalast over elleve månader.
  • Fullført utdanning skal gi pensjonspoeng.
  • Utdanningsinstitusjonane skal leggje til rette for å oppmode til studentpolitisk engasjement. Studentpolitisk arbeid skal vere gyldig fråvær.
  • Studentane skal vere representerte i alle avgjerdande råd og utval.
  • Studentane skal ha høve til å evaluere studia systematisk.
  • Ved bruk av obligatorisk studentdeltaking skal det vere mogleg å ha gyldig fråvær.
  • Ved gyldig fråvær skal studenten få sjansen til å oppfylle nødvendige krav for å gå opp til eksamen.

3 Prinsipp for utdanningane våre

Utdanningane våre skal vere forskingsforankra, profesjonsretta og praksisnære, og dei skal kvalifisere til arbeid som pedagogisk personale i utdanningssystemet. Studentane skal vere rusta til å møte kvardagen i barnehage, skule og støttesystem, og dei skal vere rusta til å verke i og utvikle profesjonen. Utdanningane skal byggje på profesjonsetikk og gjere studentane i stand til å reflektere kritisk og velje det beste for barn og unge.

Det er viktig å differensiere krava utdanningane stiller til forkunnskapar, for å kunne utdanne lærarar og pedagogar til alle ledda i utdanningssystemet. Det skal vere ulike vegar inn i lærar- og pedagogyrket, og alle skal sikre at studentane har nødvendig kompetanse til å arbeide i barnehage, skule og støttesystem.

Pedagogikk, didaktikk, disiplinfag og praksis er grunnsteinane i lærarutdanningane. Profesjonsfaget har eit særskilt ansvar for progresjon og praksis og er felles for alle lærarutdanningar.

Praksislærarane er lærarutdannarar i praksisfeltet og viktige for utviklinga til studentane og møtet med yrkeslivet. Praksis skal sikre nærleik til feltet og tilknyting til profesjonen og skal gjere studentane trygge i møtet med yrkeskvardagen. Det er òg viktig med praksis i dei pedagogiske og spesialpedagogiske utdanningane for å sikre at studentane får nok praksiserfaring.

Lærar- og pedagogstudentar skal ut å jobbe i mangfaldet i skulen, barnehagen og støttesystemet, derfor er det viktig at utdanningane våre gir dei god kunnskap om mangfald og likestilling. Det må vere eit mangfald av fag og retningar, slik at behova til barnehagen og skulen blir dekte. I eit samfunn i rask og kontinuerleg endring er det spesielt viktig at dei som skal utdanne og danne barn og unge i framtida, arbeider for likestilling og mangfald og jobbar mot all form for diskriminering.

Ein av dei viktigaste faktorane for kvalitet i utdanningane er gode lærarutdannarar, og den heilskaplege kompetansen til lærarutdannarane er avgjerande for den framtidige yrkesutøvinga. Dei må derfor ha pedagogisk, disiplinfagleg og didaktisk kompetanse i tillegg til erfaring frå og kompetanse på praksisfeltet.

3.1 Struktur og oppbygging

  • Det skal vere eit breitt mastertilbod på barnehagelærarutdanninga som kvalifiserer til, og er relevant for, arbeid i barnehagen.
  • Det er eit mål at fleire barnehagelærarar skal ta mastergrad. Det skal vere eit krav for styrarar og pedagogiske leiarar.
  • Grunnskulelærar- og lektorutdanningane skal vere integrerte femårige masterutdanningar. Dei skal vere forskjellige lærarutdanningar som gir ulik djupn og breidd i den faglege sluttkompetansen til studentane.
  • Dei treårige faglærarutdanningane skal styrkjast for å sikre dei praktiske og estetiske faga sin plass i skulen. Det bør leggjast til rette for å kunne ta to undervisningsfag i utdanningane.
  • Yrkesfaglærarutdanninga skal vere ein treårig bachelorgrad.
  • Det bør arbeidast for å utvikle eit toårig profesjonsretta masterløp for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag (PPU-A).
  • Utdanningar innanfor pedagogikk og spesialpedagogikk som kvalifiserer til pedagogisk personale i utdanningssystemet, skal vere praksisnære og profesjonsforankra.
  • Desentraliserte samlingsbaserte lærarutdanningar skal kvalitetssikrast på lik linje med ordinære lærarutdanningar.
  • Nettbaserte løysingar kan brukast som eit supplement, men skal ikkje åleine kvalifisere til læraryrket.
  • Andre former for lærarutdanning skal sikre studenten sluttkompetanse til liks med dei ordinære lærarutdanningane.

3.2 Rekruttering til utdanningane våre

  • Ein må arbeide heilskapleg med rekruttering til utdanningane våre på eit nasjonalt nivå.
  • Den nasjonale rekrutteringa til lærar- og pedagogyrket må få meir merksemd enn den interne rekrutteringa til dei ulike utdanningsinstitusjonane.
  • Ein må arbeide for at rekrutteringa til lærarutdanningane skal spegle mangfaldet i samfunnet og behova til barnehagen og skulen.
  • I område med spesielle rekrutteringsomsyn kan det gjerast unntak frå gjeldande prinsipp.
  • Heilskaplege stipendordningar som er særleg retta mot lærarutdanningar, kan nyttast for å møte framtidig lærarmangel.
  • Rekrutteringsstimulerande stipendordningar må ikkje føre til uheldig skeivfordeling mellom lærarutdanningane.
  • Stipendordningar kan brukast for å stimulere fleire til å søkje lærarutdanning, men skal ikkje brukast til å få fleire til å fullføre på normert tid.
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår er viktig for rekrutteringa til utdanningane våre.
  • Ein må arbeide for kjønnsbalanse i rekrutteringa til alle utdanningane. 

3.3 Opptak til utdanningane våre

  • Opptak til barnehagelærarutdanning skal skje på grunnlag av generell studiekompetanse med minimum 40 skulepoeng.
  • Dersom ein søkjar til barnehagelærarutdanning manglar generell studiekompetanse, kan det gjerast unntak ved opptak på grunnlag av relevant realkompetanse.
  • Opptak til grunnskulelærar-, faglærar- og lektorutdanning skal skje på grunnlag av generell studiekompetanse med minimum 40 skulepoeng.
  • For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag skal opptakskravet vere anten
    • mastergrad som inneheld minst to relevante undervisningsfag,
  • eller 
    • bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget
  • eller
    • bachelorgrad i idrettsvitskap med minimum 180 studiepoeng i faget. 
  • Ved opptak til yrkesfaglærarutdanninga skal det vere krav om fullført fag- eller sveinebrev på gjeldande fagområde eller tilsvarande og minimum to års relevant yrkeserfaring etter at utdanninga er ferdig.
  • For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag skal opptakskravet vere anten
    • fullført relevant profesjonsretta bachelorutdanning i tillegg til krav om minimum to års relevant arbeidserfaring
  • eller
    • fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, to års relevant yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande opplæringsnivå og fire års yrkespraksis.
  • Politiattest skal krevjast av alle ved opptak til alle lærarutdanningar. Politiattesten skal fornyast kvart tredje år.

3.4 Innhald og kvalitet 

  • Utdanningane skal vere krevjande og halde eit høgt fagleg nivå. Det må derfor vere tydelege krav og forventingar til studentane og fagmiljøa ved utdanningsinstitusjonane.
  • Utdanningane skal gjere studentane i stand til å reflektere kritisk, bli bevisste på sine eigne haldningar og ta sjølvstendige val.
  • Profesjonsmedvit, profesjonsetikk og den etiske plattforma til lærarprofesjonen skal vere ein grunnleggjande del av alle utdanningane våre.
  • Studentane skal gjennomføre eigne forskings- og utviklingsprosjekt og bli inkluderte i relevante forskingsgrupper ved universiteta og høgskulane.
  • Utdanningane skal sikre at studenten får grunnleggjande profesjonsfagleg digital kompetanse.
  • Utdanningsinstitusjonane skal gjennomføre obligatorisk førstehjelpskurs før den første praksisperioden.
  • Didaktisk teori og metode skal vere ein sentral del av lærarutdanningane og alle pedagog- og lærarstudentar må ha god kunnskap om vitskapsteori og metode.
  • Lærarutdanningane skal vere heilskaplege utdanningar som integrerer pedagogikk, didaktikk, disiplinfag og praksis.
  • Alle lærarutdanningane skal ha fokus på tverrfaglegheit som er tilpassa aldersgruppa utdanningane er retta mot.
  • Utdanningsinstitusjonane skal leggje til rette for tverrprofesjonelt samarbeid mellom lærar- og pedagogutdanningar og andre relevante aktørar innanfor barnehage, skule og støttesystem.
  • Utdanningsinstitusjonane har ansvar for å sikre studentane tilgang til forelesingane og det aktuelle pensumet i faga.
  • Utdanningsinstitusjonane skal leggje til rette for å gi studentar relevant kompetanse om utgreiingsverktøy og sørgje for god nok opplæring i psykisk helse for barn og unge i vanskelege livssituasjonar. 

3.5 Praksis

  • Utdanningsinstitusjonane skal saman med praksisfeltet leggje til rette for ei løpande samla vurdering av praksis, praksislærar og praksisrettleiar.
  • Alle delar av praksisen skal kvalitetssikrast på lik linje med resten av utdanninga.
  • Studentane skal gjennom tydelege vurderingskriterium få rettleiing og vurdering før, under og etter praksis.
  • Studentane, utdanningsinstitusjonane og praksisstadene skal samarbeide om å knyte saman teori, praksis og yrkeskvardag både før, under og etter kvar praksisperiode.
  • Studentar på barnehagelærar-, faglærar- og yrkesfaglærarutdanning skal ha praksis kvart studieår i grunnutdanninga.
  • Studentar på grunnskulelærar- og lektorutdanning skal ha praksis dei fire første åra i studiet.
  • Studentar som tek reine pedagogiske og spesialpedagogiske studium, skal sikrast praksis innanfor område som rettar seg mot arbeid i barnehage, skule og støttesystem.
  • Forelesingar og obligatoriske delar av studiet må ikkje gå ut over praksisen.
  • Praksisperiodane skal vere lange nok til at studentane får gjennomført oppgåver knytte til profesjonskvardagen på ein god nok måte.
  • Praksisoppgåvene må samsvare med lengda og karakteren på praksisperiodane.
  • Det skal vere god samanheng mellom undervisning på utdanningsinstitusjonen og oppgåver i praksis.
  • Praksisorganiseringa må sikre at studentane møter varierte praksisformer i løpet av studiet og får innblikk i alle relevante arbeidsoppgåver.
  • Storleiken på praksisgruppa må ikkje vere til hinder for individuell rettleiing og oppfølging av kvar student.
  • I utdanningane som er retta mot skulen, skal kvar enkelt student få nok undervisningserfaring i praksis.
  • Studentar som tek lærarutdanning retta mot skulen, må få praksis i dei faga dei utdannar seg innanfor, og på dei alderstrinna dei skal undervise i.
  • Studentar som tek lærarutdanning retta mot barnehagen, må få praksis knytt til ulike aldersgrupper.
  • Praksislærarar skal ha minimum tre års arbeidserfaring frå profesjonsfeltet og minimum 30 studiepoeng formell rettleiarkompetanse.
  • Praksisplanar og vurderingskriterium skal utarbeidast i dialog mellom utdanningsinstitusjonen, lærarutdannarar, studentar og praksislærarar.
  • Praksislærarar skal veljast i samarbeid mellom rektor eller styrar og utdanningsinstitusjonen.
  • Lærarutdannarane frå utdanningsinstitusjonen skal vere til stades på praksisstaden i stor nok grad til at dei kan observere og rettleie studentane.
  • Studentar skal ha høve til å ha praksis retta mot overgangane som er relevante for utdanninga.
  • Studentane skal ha høve til å evaluere praksislæraren og praksisstaden skriftleg.
  • Studentar skal ikkje brukast som vikar eller assistent i praksisperioden.
  • Utdanningsinstitusjonane har ansvar for å sørgje for gode praksislæraravtalar som sikrar at studentane får god nok oppfølging.
  • Praksisstadene skal tilby rammer som lèt studentane gjennomføre praksisperiodane på ein god måte.
  • Heile praksisstaden må ta ansvar for praksisen til studentane og sjå på seg sjølv som lærarutdannar.
  • For å sikre føreseielegheit for studentane må ein utvikle fleire partnarskapsmodellar som sikrar integrering mellom forsking og praksis.
  • Ein må arbeide for å opprette fleire universitetsskular og ‑barnehagar.

3.6 Pedagogikken sin plass i lærarutdanningane

  • Pedagogikkfaget skal vere ein grunnleggjande del av utdanningane våre.
  • Pedagogikkfaget må styrkjast i alle lærarutdanningar.
  • Lærarstudentar skal få nok spesialpedagogisk kompetanse. 

3.7 Likestilling og mangfald 

  • Utdanningane skal gi oss kunnskap til å verke i eit globalt samfunn i stadig endring.
  • Profesjonsetikk skal vere grunnleggjande i utdanningane våre, og utdanningane skal gjere studentane bevisste på åtferd og haldningar som er med på å motverke diskriminering.
  • Utdanningane våre skal vere opptekne av normkritikk og gi studentane kunnskap til å kjempe mot alle former for diskriminering.
  • Normkritiske perspektiv skal innarbeidast på alle nivå i utdanningane våre.

3.8 Utdannarane våre

  • Det bør innførast eit meritteringssystem som sidestiller pedagogisk kompetanse med forskingskompetanse for tilsetjingar og opprykk.
  • God undervisning og pedagogisk kompetanse skal dokumenterast og gi status.
  • Utdannarane på utdanningsinstitusjonane skal ha høgskule- eller universitetspedagogikk, formell kompetanse i rettleiing og didaktikk for undervisning på høgskule- og universitetsnivå.
  • Utdannarar ved utdanningsinstitusjonane skal ha relevant mastergrad eller høgare.
  • Utdannarane sine krav til forsking må ikkje gå ut over undervisning og anna studentrelatert arbeid.
  • Utdannarane skal nytte varierte undervisningsmetodar og vere profesjonelle førebilete.
  • Lærarutdannarar ved utdanningsinstitusjonane skal følgje opp og gi god nok rettleiing til studentane. Det skal inkludere både fagleg, didaktisk og pedagogisk oppfølging.
  • Lærarutdannarar skal drive praksisretta forskings- og utviklingsarbeid og vere ein del av eit breitt og robust fagmiljø.
  • Lærarutdannarar skal ha tilknyting til den same profesjonen som dei utdannar studentar til, og dei skal ha minst tre års relevant arbeidserfaring.
  • Ein skal leggje til rette for og forvente at lærarutdannarane blir haldne oppdaterte i feltet ved hospitering i skule eller barnehage minimum kvart femte år.
  • Praksislærarar er ein ressurs og skal ha høve til å hospitere på utdanningsinstitusjonane.
  • Det må vere ein bevisst rekrutteringsstrategi for å få gode lærarutdannarar.
  • For at det skal vere attraktivt å vere lærarutdannar, må lønns- og arbeidsvilkåra i universitets- og høgskulesektoren betrast.
  • Det må vere utdanningstilbod og karrierevegar som kvalifiserer til å bli lærarutdannar.
  • Fagmiljøa ved utdanningsinstitusjonane skal bestå av vitskapleg tilsette med høg kompetanse og ulik fagleg bakgrunn for å sikre den faglege breidda i miljøa.
  • Ein må sikre at det er nok utdannarar med førstekompetanse i tillegg til utdannarar med profesjonsforankring.

4 Prinsipp om profesjonen

Lærarprofesjonen består av lærarar, pedagogar og leiarar i barnehage, skule, støttesystem og lærarutdanning. Det er profesjonen og dei enkelte lærarane som sikrar kvalitet i utdanningssystemet. Som framtidige lærarar og pedagogar i barnehage, skule og støttesystem er det viktig at studentane får kjennskap til kva som er realiteten i yrkeskvardagen. Barnehagen og skulen er i kontinuerleg endring og har nye og samtidsretta utfordringar. Utdanningane våre er byrjinga på eit livslangt læringsløp på vegen mot å bli ein profesjonell lærar og pedagog.

Utdanningane våre må ruste oss til aktiv deltaking i arbeid og diskusjon omkring yrkesutøvinga. Å halde seg oppdatert på forsking og utdanningspolitikk er avgjerande i arbeidet som lærar og pedagog, og utdanningane skal gi oss grunnlag til å lese og bruke forsking. Profesjonsutvikling for lærarar og pedagogar er både ein rett og ei plikt. Det må derfor vere eit system for fagleg utvikling gjennom etter- og vidareutdanningstilbod og andre typar systematisk kompetanseheving. Vi blir rekna som nyutdanna lærarar i tre år etter at utdanninga er ferdig. Ei solid rettleiingsordning er avgjerande for å styrkje profesjonsutviklinga til den enkelte i overgangen mellom utdanning og arbeidsliv. Det kan hindre at nyutdanna lærarar vel andre karrierevegar utanfor skulen og barnehagen.

4.1 Profesjonen

  • For å kunne kalle seg lærar må ein ha formell lærarutdanning.
  • Den etiske plattforma til lærarprofesjonen er eit grunnlagsdokument for profesjonsutøvinga og skal vere eit verktøy for refleksjon og dialog mellom lærarar, pedagogar og leiarar.
  • Alle delar av profesjonen skal delta i forskings- og utviklingsprosjekt, og ny kunnskap skal tilbakeførast til feltet.
  • Ein må arbeide for auka bruk av delte stillingar i barnehage eller skule og lærarutdanning.
  • Ein må leggje til rette for å arbeide som lærar og samtidig ha ein forskarkarriere.
  • Ein må sørgje for at det er mogleg å ta offentleg sektor-ph.d. innanfor læraryrket.
  • Ei lærarutdanning skal opne for karrierevegar innanfor utdanningssektoren.
  • Alle pedagogiske stillingar skal ha eit formelt utdanningskrav, og det skal ein ikkje gi dispensasjon frå. Nye krav skal ikkje ha tilbakeverkande kraft.
  • Ein skal arbeide for kompetansekrav innanfor alle fag i skulen.
  • Ein skal sikre ein barnehagelærartettleik på minimum 50 prosent og ei lovfesta bemanningsnorm som er til det beste for barna.
  • Ein må sikre ei minstenorm for lærartettleik som er til det beste for elevar i skulen.
  • Ein må satse på å få fleire yrkesgrupper inn i barnehage og skule.
  • Skulehelse- og rådgivingstenesta må styrkjast i barnehage og skule.
  • Lærarar og pedagogar i barnehage, skule og støttesystem må vere sikra god nok tilgang til relevant og oppdatert forsking.
  • Yrka vi utdannar oss til, må ha lønnsvilkår, baserte på utdanningsgrad, som gjer dei attraktive, og arbeidsvilkår som gjer det mogleg å utføre yrket på ein god måte.

4.2 Profesjonsutvikling

  • Nyutdanna må takast vare på, slik at dei blir ein styrke i profesjonsfellesskapet.
  • Alle nyutdanna lærarar i barnehage og skule skal dei første åra i yrket ha systematisk rettleiing som skal leggje grunnlag for seinare yrkesutøving og profesjonell utvikling.
  • Alle nyutdanna lærarar i barnehage og skule har dei to første åra i yrket rett og plikt til ei lovfesta rettleiingsordning med nasjonale føringar som sikrar eit minimum av timar med øyremerkt rettleiing.
  • Nyutdanna lærarar skal få ein rettleiar på arbeidsplassen med formell rettleiarkompetanse på minimum 30 studiepoeng.
  • Rettleiaren og den nyutdanna skal ha sett av tid og kompensasjon til rettleiing.
  • Nyutdanna lærarar i barnehage og skule skal ha minimum 20 prosent redusert leseplikt det første året i jobb. Delar av denne skal brukast til rettleiing.
  • Rettleiinga må skje jamleg, minimum to gonger per månad.
  • Tematikken i rettleiinga skal bestemmast ut frå behova til den nyutdanna, og den nyutdanna skal vere delaktig i tematiseringa.
  • Rettleiaren skal ikkje ha vurderingsansvar overfor den nyutdanna.
  • Det skal vere eigne rettleiarutdanningar som er tilpassa vidareutdanningstilboda til lærarar.
  • Ein må leggje til rette for at rettleiarutdanninga kan kombinerast med arbeid i barnehage eller skule, og at utgiftene knytte til utdanninga blir dekte.
  • Ein må sikre at alle delar av profesjonen har jamleg kontakt med universitet eller høgskule for å få fagleg oppdatering og utveksle erfaringar.
  • Rektor eller styrar og arbeidsgivarar skal leggje til rette for etter- og vidareutdanning, og universitet og høgskular skal ha gode etter- og vidareutdanningstilbod.
  • Rektor eller styrar skal ha eit spesielt ansvar for å sørgje for at arbeidsoppgåvene gir ein god og trygg overgang frå utdanning til yrke.
  • Alle lærarar skal ha høve til å ta påbygging til mastergrad.